Brukernavn:
Passord:

 


Tenorane & Steffen Horn

Arrangør: Ringerike Kultursenter
Tid: 24. september 2017

Tenorane med ein Horn i sida - show

Tenorane og pianisten Steffen Horn kjem med det mest komplette konsertshowet nokon sinne. Regissør og koreograf Tomas Glans har jobba fram showet saman med Tenorane. Tomas Glans som moa har hatt stor suksess med den norske versjonen av musikalen Billy Elliot med over 60.000 besøkande. Andreas Birger Johansen har skreve manus, og Ingrid Bjørnov og Teodor Janson er bidragsytarar på fleire av nummera. Tenorane og Steffen Horn leverer ei førestelling smekkfull av klassiske perler, sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor. Vakker song blir avløyst av sjølvironisk harselas over eigne divanykker. Ærlege refleksjonar over eigne liv går hand i hand med ville historiar om usannsynleg kjærleik. Og ikkje minst: Kjekke menn i dress blir endå kjekkare med ein raus porsjon fjær.

Publikum får oppleve vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprang og ei mengde overraskingar. Dei vil framføre kjente og mindre kjente klassiske verk, opera og operette-slagerar, viser og popsongar, og dei syng, for det meste, på norsk: Ragnar Hovland har gjendikta "Torna a surriento" og Arnt Birkedal har gjort sin versjon av Beatles sin "The long and winding road".

SEP
24
SØN
Tenorane & Steffen Horn
Sted: Byscenen
Kr 350,- inkl avgift.
Kl: 18:00

Kommentarer:


comments powered by Disqus
 

Annonser



Ringbillett:
Salgs og leveringsbetingelser 
Kontakt oss
Billetter:
Utsalgssteder
Gebyrer 
Arrangører:
Selg billetter via oss
Annonsering/reklame
Hjelp:
Spørsmål og svar
Gode råd
Sikkerhet
Andre nettsteder:
www.ringbutikk.no
www.ringblad.no