Vassendgutane
Orkesteret vart starta i 1996, og var tufta på litt galskap og aller mest moro. Mykje vatn har runne i elva i Åmdalen sidan oppstarten og i skrivande stund er det eit faktum at Vassendgutane er det leiande orkesteret i si genre i Norge når det gjeld både publikumoppmøte og stemning på konsertane.
Vassendgutane reiser i dag over heile vårt vidstrakte land med det som felles nevnar: Smekk fulle hus på konsertane sine. Ein konsert med Vassendgutane er ei oppleving som absolutt er verdt å ta med seg. Den inneheld allt ein konsert av denne typen skal ha: God melodiøs musikk, gode tekstar framført på nynårsk dialekt, forrykande framføring med eit nykomponert lysshow ein skjeldan har sett på Norske konsertsener og framfor alt ei ekte speleglede som berre må smitte over på eit feststemt publikum. Dette har vist seg å falle i god smak for folk i alle aldrar, enten dei er ute for å høyre god «Vassendmusikk» , eller for å danse.